Vi foretar gratis befaring og gjev uforpliktande pristilbod.
glassverksted - rammeverkstad - nøkkelsliping - lås- og beslagsløysing
Kontakt ossYALE DOORMAN L3S ROPACK BLACK kr 5800,-

🔹Passer skandinaviske dører av nyere dato
🔹Alt du treng for å kome i gang er med i pakken – inkludert låseenhet, brikker og batteri.
Ønskjer du fjernstyring via internett, må du kjøpe ein Wi-Fi Bridge utanom.
Ein nøkkelfri smartlås med appstyring og mange moglegheiter for tilkopling. Dette er eit perfekt val for deg som ønskjer å styre tilgangen til heimen på ein trygg og smart måte.

Sørstrandsvegen 8, Sandane
Vi har ikkje faste åpningstider, men ønskjer å vere tilgjengelig for deg. Ta kontakt på telefon, så avtalar vi tid og er til stades når du kjem!
Kva kan vi hjelpe deg med?
Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!
Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.
Kontakt oss
Glass-Sikring AS er din lokale ekspert på glassarbeid.
Glass-Sikring AS vart etablert i 1999 og har sidan då opparbeidd seg solid erfaring innan glassfaget. I 2021 fekk selskapet ny eigar, men held fram med å tilby dei same kvalitetsløysingane som før. Vi har fokus på kvalitet og leverer skreddarsydde løysingar for både små og store prosjekt, tilpassa dine behov innan tryggleik, komfort og estetikk.
Vår hovudkompetanse ligg i glassrelatert arbeid, der vi tilbyr eit brett spekter av tjenester. I tillegg leverer vi løysingar innan vindauge og dører, glassrekkverk, vinterhagar, solskjerming, lås og beslag, dørautomatikk og bildeinnramming m.m.
Med base på Sandane betjener vi primært Nordfjord-området, men tek òg oppdrag i Sogn, Sunnfjord og på Søre Sunnmøre. Vi er opptatt av å levere førsteklasses service og byggje gode relasjonar til kundane våre. Målet vårt er alltid å sikre at kundane våre er nøgde og opplever høg kvalitet i alle ledd av prosessen.
Ta kontakt med oss
Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!