Tjeneste

Glass­rekk­verk

Forbedre heimen din med våre elegante og sikre glassrekkverk, designet for å kombinere moderne estetikk med maksimal holdbarhet.

Sjå inspirasjons­bilete
Glass­rekk­verk

Glassrekkverk – Stilreint, trygt og vedlikehaldsfritt!

Vil du ha eit moderne og elegant rekkverk som kombinerer tryggleik med stil? Hos Glass-Sikring AS leverer vi glassrekkverk av høg kvalitetskreddarsydd for både private heimar og næringsbygg.

🔹 Eksklusivt design – Gjev bustaden eller eigedomen din eit stilreint og tidlaust uttrykk.
🔹 Uhindra utsikt – Nyt panoramautsikt utan forstyrrande element.
🔹 Solid tryggleik – Herda og laminert glas sikrar maksimal tryggleik.
🔹 Vedlikehaldsfritt – Slepp maling og beis – våre glassrekkverk toler både vêr og vind!
🔹 Tilpassa dine behov – Vi tilbyr ulike monteringsløysingar, frå stolpefrie system til elegante stål- og aluminiumsløysingar, topp- og kantmontert.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller eit uforpliktande pristilbod.

Komplette glassrekkverk i aluminium

Vår største leverandør av glassrekkverk er Veranda – ein norsk produsent som tilbyr komplette, vedlikehaldsfrie løysingar i aluminium, skreddarsydd etter mål. Med rekkverket følgjer detaljerte monteringsrettleiingar, slik at du enkelt kan setje det opp sjølv. Ønskjer du hjelp med montering, ordnar vi sjølvsagt det også!

Besøk gjerne vår utstilling i butikken for inspirasjon – vi hjelper deg med å finne den perfekte løysinga!

Basic

Basic- dette er eit rimeleg og stilreint glassrekkverk. Med slanke og elegante aluminiumsprofilar skapar Basic ei lett og tidlaus ramme rundt balkongen eller terrassen din. Glasset er festa i ein horisontal aluminiumsprofil nede og i eit spor i handlista oppe. Basic gir eit stilfullt uttrykk og tek minimalt med utsikt.

Classic

Bilde fra Veranda

Classic -dette er eit prisgunstig alternativ. Classic er eit tidlaust rekkverk der glasset er festa i horisontale aluminiumsprofilar både oppe og nede. Mellom den øvre profilen og handlista er det ei opning som gir rekkverket eit unikt særpreg. Classic kan enkelt kombinerast med spilerekkverket RIB for ei stilfull og funksjonell løysing.

Exclusive

Bilde fra Veranda

Exclusive -som namnet seier, er dette eit rekkverk i ein litt høgare prisklasse. Glasset blir montert med klemfester, noko som gir eit stilreint, lett og eksklusivt uttrykk. Den elegante designen gjer at rekkverket passar perfekt for deg som ønskjer både tryggleik og eit moderne estetisk preg.

Vind

Bilde fra Veranda

Vind -dette er òg eit kostnadseffektivt og vakkert alternativ. Vind har ei unik stolpeinnfesting med skjulte boltar, som skapar eit moderne og elegant uttrykk. Glasset er vertikalt festa i eit spor i stolpen, noko som gjer at designet passar sømlaust inn i dei fleste arkitektoniske stilartar. Vind kan leverast i ekstra høgde, slik at det også kan brukast som ein levegg i glass. Merk at Vind berre finst som toppmontert variant.

Panorama

Panorama -dette er eit eksklusivt og populært val. Det er eit heilglassrekkverk der sjølve glaset er i hovudrolla, og det gir ein panoramautsikt utan forstyrrande stolpar. Glasset blir montert i ein aluminiumsprofil i botnen som kantmontert, og i kraftige punktfester i syrefast stål som toppmontert. I begge tilfelle er det montert ein aluminiumsprofil som skjuler innfestinga og gir eit stilfullt og reint uttrykk.

Rib

Bilde fra Veranda

Rib -dette er ikkje eit glassrekkverk, men eit elegant rekkverk med vertikale spiler som gir eit robust og klassisk "smijerns"-uttrykk. Modellen er kanskje spesielt flott i kombinasjon med Classic, sidan den delar det same særpreget med ei opning mellom spilene og handløparen.

Glassrekkverk i rustfritt stål

Bilde frå Prorailing

Glassrekkverk i rustfritt stål kombinerer styrken og robustheita til stål med det stilige og moderne uttrykket til glas. Stål gir eit eksklusivt preg og gir solid støtte for glaset, enten det blir brukt i stolpar, rammer eller som toppmontering. Denne typen rekkverk er både slitesterk og vedlikehaldsvennleg, og passar godt til både innvendige og utvendige miljø, spesielt i moderne bygg og uteområde. Stål og glas gir eit stramt, industrielt uttrykk, og kan enkelt tilpassast ulike designbehov.

På glassrekkverk med syrefast stål finst det eit breitt utval av stolpar å velje mellom, både for topp- og kantmontering.

Spigots -glassrekkverk

Bilde frå Gimmestad kyrkje

Spigots glassrekkverk er ei moderne og stilrein løysing der glasset blir festa med punktfeste (spigots) i staden for stolpar. Denne typen rekkverk gir eit åpent og minimalistisk uttrykk, utan synlege støttestrukturar, noko som gir uhindra utsikt. Spigots-rekkverk passar spesielt godt i moderne bygg og uteområde, der design og estetikk står i fokus. Glasset blir vanlegvis festa med punktfester i rustfritt stål, som gir både styrke og eit elegant preg.

Boltefesta glassrekkverk

Her vist som utvendig rekkverk montert på Hotel Alexandria, men den same prinsipp kan òg nyttast innvendig.

Boltefesta glassrekkverk er ei solid og moderne løysing der glaset vert festa med kraftige boltar, noko som gjev både tryggleik og eit reint, stilfullt uttrykk. Denne typen rekkverk gir eit stramt og eksklusivt design, samtidig som det er svært robust og holdbart. Boltefesting gir også stor fleksibilitet i designet, og kan lett tilpassast ulike prosjekt og behov.

Plassbygd glassrekkverk

Her vist som innvendig rekkverk montert på Hotel Alexandria, men den same prinsipp kan òg nyttast utvendig.

Bygg eller gjenbruk ditt eige rekkverk i tre og monter glas i spor som er frest ut, eller med glasklemmer for eit stilreint preg. For berekning av dimensjon og glasstype, ta gjerne kontakt med oss, så hjelper vi deg med å finne den beste løysinga for ditt prosjekt.

Vi kan levere glas tilpassa ulike variantar med innfesting i tre, som gir eit naturlig og varmt uttrykk som passar både moderne og tradisjonelle miljø.

Spesialtilpassa glassrekkverk

Her hadde kunden ønskje ei ekstra skjerming i bua glas. Legg merke til at stolpane ikkje syns over eksisterande rekkverk

Vi kan hjelpe deg med det meste og tilpasse glassrekkverk etter dine ønskje og behov. Enten du har spesifikke krav til design, mål eller materialval, tilpassar vi løysingane slik at dei passar perfekt til ditt prosjekt. Vi er her for å sikre at du får det rekkverket du ønskjer, med den kvaliteten og funksjonaliteten du forventar. Ta gjerne kontakt med oss for råd og hjelp gjennom heile prosessen.

Les meir om glass du kan få til rekkverket her.

Vi har glassrekkverk utstilt i butikken vår. Du er hjartelig velkomen hit! Vi gir deg gjerne råd om val og eit uforpliktande pristilbod.

Kontakt oss

Sjå inspirasjons­bilete

Bilder kommer snart.
Prosjekt

Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!

Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.

Kontakt oss
Kontakt oss

Ta kontakt med oss

Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!

Takk for din innsending! Vi tar kontakt med deg så fort som mulig.
Noe gikk galt med innsendingen.